- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
51

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17 - 18

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

51

para med dugleik.» — Dette er ei lukke som me
gamle folk kann njota; åri treng ikkje vera til
hinder for dugande verksemd i ymse yrke, aller
minst i jordbruket. Eg hev høyrt um Marcus Vale-
rius Corvinus, ein mann som vart hundrad år ga-
mal, at han til alle tider hadde ans for jordarbeid;
endå som utgamal mann budde han på landet og
onna på garden sin. Og den siste livsbolken hans
var mykje lukkelegare enn dei fyrre, for då hadde
han mindre slit og naut større vyrdnad. Det er
vyrdnaden som pryder alderdomen, veit me. Kor
vyrd var ikkje Lucius Cæcilius Metellus! Og Atilius
Calatinus! Det var han som fekk denne gravskrifti:
Um han som hera ligg, er alle samde:
Han var den fremste mann i heile folket.

Verset er elles vel kjent, for det er innhogge
på gravsteinen hans. Med full rett synte dei honom
stor vyrdnad, for alle tykte vel um bragdene hans.
Kor gjæv var ikkje Publius Crassus, øvstepresten,
som levde for ikkje so lenge sidan! Og Marcus
Lepidus frå seinare tider, som og sat i det preste-
yrket! Og eg treng ikkje tala um Paullus og Afri-
canus, — og han som eg hev nemnt fyrr, Max-
imus, — alle i hop so vyrde menn at folk ikkje
berre heldt seg etter meiningane deira i senatet,
men og tok umsyn til deira minste vink. Den alder-
domen som hev vore heidra med embete, eig ein

vyrdnad som er meir verd enn alle ungdoms-
gledone.

18. Men de må hugsa på at i all min tale rosar
eg berre den alderdomen som hev fenge eit stødt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free