Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 19 - 20
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
57
å øygna land, um eg so skulde segja, so at eg ende-
leg kann koma i hamn etter den langdryge segl-
ferdi.
20. Men der er ingi fast sluttnadsgrense for alder-
domen, og ein gjer rett i å leva i han, so lenge ein
kann makta den gjerning som plikti hev lagt på ein.
— — — Dette gjer at alderdomen er både modigare
og djervare enn ungdomen. Det eg her segjer, ser
me so godt av det svaret som Solon gav tyrannen
Pisistratos, då han spurde kva det var hin sette
si lit til, når han so djervhuga stod honom imot.
«Til alderdomen,» svara Solon. — Men den beste
ende og utgang på livet er den at naturi, som
laga verket, sjølv tek det frå kvarandre medan åndi
enno er frisk og sansane vakne. Liksom byggmei-
steren sjølv lettast kann taka sund det skipet eller
huset han bygde, soleis kann naturi — den makti
som «nagla saman» mennesket, — lettast «taka
det sund». No veit me at det som nyst er nagla
saman, er vanskeleg å riva sund; men det er ei
lett sak å taka sund slikt som er gamalt og
morkna; difor er den siste livsresten korkje noko
å klengja seg fast til for gamlingen eller noko å
ottast. Pytagoras segjer då ogso at ein ikkje
bør vika frå den plassen eller vaktposten som
20. — — «Dette gjer at alderdomen» o. s. b. Der må ha
falle ut noko i grunnteksti framfyre denne setningi, for
sluttningi («alderdomen er både modigare» o. s. b.) vantar
grunngjeving. Kannhenda grunngjevingi hev vore pålag
slik: Gamle folk veit at dei snart lyt døy, og dei møter
dauden med sinnsro.
nen
PE
EE EE EE
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>