Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 19
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
56
stend um at folk likar honom i den akti der han
hev rolla si, — slik treng heller ikkje den vise
spela radt ut til sluttreplikken i livsens skodespel.
For jamvel ei stutt livstid er lang nok til at ein
kann leva vel og heiderleg. Men dersom livet dreg
ut, bør ein ikkje meir låta ille yver det enn bonden
læt ille yver at sumaren og hausten kjem, når
våren med all sin fagerdom er kvorven. For
våren er eit bilete på ungdomstidi og viser til dei
fruktene som eingong skal koma; dei andre års-
tidene er etla til å hausta og njota desse fruktene.
Og alderdomen sine frukter er, som fyrr nemnt,
dei rike minne um det gode ein hev gjort.
Men til dei gode ting må ein vel rekna alt som
ber til i samhøve med naturi; og kva er meir sam-
stavande med naturi enn at gamle folk fell ifrå?
Derimot lyt ein segja at det er i strid med naturi,
når unge menneske fell ifrå. — Difor tykkjer eg
at når ein ungdom døyr, so er det som når ein
døyver ein sterk loge med vatn; men når ein gam-
ling døyr, so er det å likna med eit nedbrunne bål,
som sloknar av seg sjølv, utan at der er nytta
vald. Og liksom epli er vanskelege å riva av kvi-
stene, når dei er harde og umogne, men fell ned
av seg sjølve, når dei er mjuke og mogne, soleis
må ungdomen rivast burt med vald, medan det er
sjølve mognaden som gjer at gamlingen sloknar.
Og denne mognaden er so gild i mine augo,
at di nærare dauden eg kjem, di klårare synest eg
19. «Sluttreplikken»; — den siste på tilet vende seg til
møtelyden når stykket var ende, og sa: Plaudite, 0: «fagne
OSS no!»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>