Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 20
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
59
som reid friviljugt i dauden, eller som Marcus
Atilius Regulus, som drog daudestraffi i møte for
å halda den lovnaden han hadde gjeve fienden,
eller som dei tvo Scipio-karane, som vilde stengja
punarane vegen, um det so skulde vera med deira
eigne lik, eller som bestefar din, Lucius Paullus,
han som ved sin daude utsona embetsbroren si
skøyteløyse i Cannæ-uferdi, eller som Marcus Mar-
cellus, som ikkje eingong den hjartelausaste fien-
den let vera å heidra, då han vart gravlagd, —
ikkje berre einskildmenn som desse, segjer eg, men
ogso heile legionar er farne avstad, som eg hev
skrive i «Origines», med eldhug og mod til den
staden, som dei aldri trudde dei vilde venda tilbake
frå. Når altso unge menneske, og det ikkje berre
folk utan høgare daning, men jamvel vanlege bøn-
der, ser på dauden med vanvyrdnad og likesæle,
skal då gamlingar som hev daning reddast for han?
I det heile tykkjer eg for min part at dersom
ein fær fullnøgja seg med alle ting, so fører det
til at ein ogso vert mett av livet. Eit barn hev sine
serskilde hugmål; — trur de barnet vil sakna dei,
når det er vorte vakse? Ein ungdom hev sine hug-
mål; — trur de han vil sakna dei, når han hev
nått manndomsalderen? Manndomsalderen hev
sine hugmål, men ikkje trår alderdomen etter dei.
Og endeleg hev alderdomen Ög sitt å unast ved.
Liksom hugmåli åt dei fyrre livsbolkane fell burt,
M. Atilius Regulus, romersk flåteførar i fyrste punar-
rigen, vart fanga av punarane, som sende honom til Rom
for å tinga um fred. Han rådde romarane ifrå å gjera
fred og drog so tilbake til fiendane slik han hadde lova.
pr
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>