- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
60

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 20 - 21

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

60

slik fell ogso alderdomen sine burt, fær me ganga
ut ifrå; og når dette skjer, hev ein nått sitt full-
nøgje i livet; — den laglege dødsstundi er komi.

21. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje skulde våga
segja dykk, kva meining eg sjølv hev um dauden,
for eg trur at eg hev eit klårare syn på dette, sidan
eg stend dauden nærare. Eg meiner altso at
federne dykkar, Scipio og Lælius, dei ovfræge men-
nene som var mine godvener, lever, ja, lever eit
liv som er det einaste som fortener namnet «liv».
For so lenge me er innestengde i lekamen sitt
fengsel, må me utføra ei naudsynleg pliktgjerning
og stå i med hardt arbeid; for den himmelske
sjeli i oss er tyngd ned frå sin heimstad i det høge
og liksom nedsøkkt til jordi, — ein stad som stend
i motsetnad til hennar guddomlege og ævelege na-
tur. Men mi tru er det at dei udøyelege gudane
gav sjeli busæte i mannekroppen, for at det skulde
vera einkvan til å røkta og verna um jordi, ein-
kvan som kunde skoda himmelklotane sitt greide
skipelag og etterlikna dette ved ei fast og stød
livsførsle. Og det var ikkje berre mine eigne
granskingar og ettertankar, som fekk meg på denne
trui, men og dei vektuge meiningane åt dei fremste
filosofane. Eg høyrde at Pytagoras og pytagore-
arane, som 8o å segja er våre samlendingar, og som
i si tid ogso fekk namnet «italiske filosofar»,
aldri hev tvila på at mannesjeli er sprungi
fram av den guddomlege heimssjeli; dessutan hev

21. «våre samlendingar»; pytagorearane heldt skule i Kro-
ton i Sud-Italia.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free