- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
62

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 22

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

kunde de ikkje sjå no heller, no då eg hev vore
i lag med dykk; men av dei gjerningar eg gjorde,
skyna de at ho var til stades i denne kroppen.
Difor må de tru at ho er til seinare 0g, jamvel um
de ikkje fær sjå henne. Heideren åt fræge menn
vilde visseleg ikkje halda seg etter dauden, um
ikkje deira eigne sjeler gjorde noko til at me
lenger kunde halda liv i minnet um dei. — Eg for
min part hev aldri kunna få meg til å tru at sjeli
skulde leva medan ho var knytt til ein kvervsam
lekam, men døy, når ho var løyst frå lekamen. Og
heller ikkje kann eg skyna at ho skal missa med-
vitsevna, når ho slepp ut or den medvitslause krop-
pen; nei, eg trur snarare at ho nettupp då må
verta medviti, når ho byrjar på eit nytt og reint
tilvære, der ho er skild frå alt hopehav med
lekamen. Og framleides, — når livet løysest upp
ved dauden, er det ei lett sak å sjå kvar alt det
andre vert av: alt gjeng det dit det er kome i frå;
men sjeli er aldri å sjå, korkje når ho er til stades
i lekamen, eller når ho er gjengi burt. Framleides
veit de at ingenting er so likt på dauden som svev-
nen; men nettupp under svevnen openberrar sjeli
best det guddomlege ved seg; — ho ser jamvel
langt inn i framtidi, når lekamsbandi er slakke og
ho er fri. Av dette kann ein klårt sjå korleis ho
vil verta, når ho for godt løyser seg or desse handi.
Difor skal de,» segjer han, «æra og dyrka meg
som ein guddom etter eg er dåen, so sant det hev
seg slik som eg hev sagt. Men um so skulde vera
at sjeli døyr saman med lekamen, so må de i min-
sto i vyrdnad for gudane, som vernar og styrer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free