Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 21 - 22
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
61
eg ogso kjennskap til den samtalen um udøyeleg-
dom som Sokrates førde med venene sine siste da-
gen han levde, — den mannen som oraklet i Delfi
kalla den visaste av alle. Eg hev — for å bruka
få ord — den yvertyding, og eg hev gjort meg upp
den meining, at når åndi er so snarhitti, når min-
net um det kvorvne er so rikt, når ein fyreåt kjen-
ner til so mangt av det som koma skal, når der
er so mange vitskapar som krev so stor ei mengd
kunnskapar, og når so mange uppfinningar vert
gjorde, so kann ikkje sjeli, som rømer alle desse
evnone, vera døyeleg. Og framleides, — sidan sjeli
alltid er i rørsle, og denne rørsla ingi byrjing hev,
av di rørsla kjem frå sjeli sjølv, so vil denne rørsla
heller ikkje få nokon ende, sidan sjeli aldri vil
svikta seg sjølv. Sjeli er framleides eins av lag;
der er ikkje noko ulikt eller miskyndt blanda med
henne; difor kann ho heller ikkje delast; men når
ho ikkje det kann, kann ho heller ikkje gå til
grunns. Og eit framifrå prov for at mennesket
veit det meste frå fyre fødslen, hev ein i den røynde-
ting at mennesket alt i barndomen, når det skal
læra vandesame fag, eignar til seg tallause lære-
emne so lett og snøgt, at ein må tru at det ikkje
er fyrste gongen det høyrer dei, men at det hugsar
dei frå fyrr og kallar dei fram att i minnet. Dette
er pålag Platon sine ord um denne saki.
92. Hjå Xenofon segjer den eldre Kyrus, då han
ligg helsott: «De må ikkje tru det, kjære søner,
at eg ingenstad kjem av og at eg vert til inkjes,
når eg no gjeng burt ifrå dykk. For sjeli mi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>