Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 23
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
64
lag med; og eg lyster ikkje berre å råka att dei
som eg sjølv hev kjent, men ogso dei som eg hev
høyrt um, lese um og sjølv skrive um. Det
skal sanneleg ikkje verta lett for nokon å halda
meg att, når eg skal taka vegen dit; og heller ik-
kje skal nokon få lov til å «koka meg umatt», slik
dei gjorde med Pelias. Og skulde einkvan guden
gjeva meg det rauste tilbodet at han vilde yngja
meg uppatt etter den alderen eg no er i, og atter
lata meg skrika i vogga, so vilde eg skuva tilbodet
frå meg med båe hender; for eg vil ikkje no, då
eg liksom hev sprunge skeidet til endes, lata dei
kalla meg tilbake frå mål og til startplassen. For
kva hugnad og glede hev livet å bjoda på? Er det
ikkje heller mødor det byd oss? Men lat so vera
at det hev båe slagi å bjoda på: eingong vert ein
no likevel mett av godane, og eingong når ein grensa
for mødone. Eg hev ikkje hug til å krauna og
klaga yver livet, slik mange menneske, og det jam-
vel høgtdana menneske, ofte hev gjort, og eg tre-
gar heller ikkje på at eg hev levt, for eg hev levt
soleis, at eg meiner meg ikkje fødd til fånyttes; og
eg forlet livet, som vore det eit herbyrge og ikkje
ein heim. Naturi hev gjeve oss livet som eit her-
byrge, må vita, — eit herbyrge som me ikkje skal
bu i for godt, men berre tøvra i ei stutt rid. Å
sæle dag, når eg skal reisa til sjelene sitt guddom-
lege tingmøte, — å herlege stund, når eg skal skil-
23. «Koka umatt» 9: yngja uppatt. Ordlaget er henta frå
segni um døtterne åt Pelias. Dei drap far sin etter råd frå
seidkvinna Medeia, som hadde lova dei å koka lemene
hans umatt og yngja han uppatt på den vis.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>