Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 23
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
65
jast med all verdsens røre og rot! Då fær eg
ikkje berre råka dei som eg fyrr hev tala um, men
0gso son min, Cato, han som var so gjæv og emne-
leg, og so vyrk for far sin! Eg lagde honom på
likbål, (det hadde høvt betre, um han hadde lagt
meg); men sjeli hans sveik meg ikkje; nei, med
synet vendt tilbake på meg drog ho sikkert til den
heimen, dit ho skyna at eg og vilde koma. Folk
hev kannhenda tykt at eg bar denne motgangen
med fast mod; det gjorde eg ikkje av di eg var
kaldhuga, men av di eg trøysta meg med tanken
på at det ikkje vilde verta drygt millom hans burt-
gang og min.
Sjå her, Scipio, hev eg nemnt det som gjer alder-
domen min so lett å bera; det var dette du sa at
du og Lælius pla ovundra ved meg. Tung og stu-
ren er han ikkje; nei, tvertimot hugleg og gild. —
Og tek eg i miss når eg meiner at mannesjeli er
udøyeleg, so gjer eg det med vilje; og eg vil aldri
so lenge eg lever, lata nokon taka frå meg dette hug-
gande mistaket. Men skulde eg i dauden missa alt
medvit og all kjensle, — slik som visse småfiloso-
far hevdar — so ottast eg ikkje at dei avlidne filo-
sofane skal hådlæ åt meg for dette mistaket mitt.
Og jamvel um me ikkje vert udøyelege, må det like-
vel vera å ynskja for mennesket at det fær slokna,
når tidi er til det; for naturi hev sett grensor for
mannelivet som for alt anna. Men alderdomen er
liksom sluttakti på livsens skodespel; og ynsket
vårt burde vera at me slapp dovna av i denne akti,
«småfilosofar» — epikurearane, som nekta eit liv etter
dette.
5 — Cicero: Um alderdomen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>