- Project Runeberg -  Barndomsminne /
26

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var slik ein serk som hadde "ner-del" av
grov strie, og "ovadel" av lereft. Ho fortalde
meg, at ho hadde fire dalar åre i løn og to par
skor og seks alen strie til ner-deler. Og det tykte
ho var storgildt, so ung som ho var. Kitlande
kåt og glad var ho, for i fjøse treivst ho so
hjarteleg godt. Vilde slet ikkje byte med dei som
låg inne. Aa nei san!

Flugor? Nei då, ho kjende ikkje flugebit.
Men eg fekk slet ikkje sove for flugor som surra
kring hovude mitt. Soleis kom eg til å vera med
på ei laurdagsnatt-festing som vei elles ikkje nett
var etla meg.

Då det leid på kom drengen frå grannegarden
stiltrandes inn og sette seg på sengkanten. Såg
ikkje meg som låg i myrkre innmed veggen. Eg
vart stiv av redsle. Var det skrømt, eller . . .

Men Sidsel lo. Jaso — var det folk? "Jamen
ha vi glømt å slå for skåta, Hulda", sa ho.

Då såg han meg, men let som ingenting.
Vilde berre snerte seg innum med litt godter,
ettersom det var laurdagskvelden. Og han var
so blid som eg skulde vore både venta og
vælkømin, eg og. Og dei fjasa og småprata
med’ han pakka ut kakor og ei flaske med
søt vin.

Det vart selskap på skinnfelden, lo Sidsel, og
breidde ut blanke "okse-auer" framfyre meg.

26

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free