- Project Runeberg -  Barndomsminne /
27

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Okse-auer var det beste av alle kakone til bakar
Solberg, runde, gule ringar med ein herleg raud
syltetykladd inni; det var ikkje hårdagskost han
kom med!

Og no skyna eg, at Sidsel ikkje vilde byte
med dei som låg inne.

*



Ogso på Lund i Stange hadde mor vener. Fru
Pauline Lund hadde vore mykje på Saastad, og
ho hadde kalla dei tvo døtterne sine Martha og
Sofie etter systerne mine. Martha og Sofie Lund
hev eg sovidt råka seinare i live, og eg var
innum Lund den eine gongen eg hev set Saastad.
Martha Lund som eg då råka mintest meir frå
Stange enn eg. Ogso frå Saastad. Det fyllte ut
dei bilaeti eg bar i meg av live på fødegården
min.

Ein gong var eg ogso med mor på "Stori"
(Store Ree)1 i Stange. Der såg eg for fyrste
gong kalkun-hanar sigle rundt med brusande
fjør-hjul og den løglege "tarmen" nedyvi nebben.
Verre trollfugl hadde eg aldri set, og eg vart
ikkje trøyt av å stire på dei frå troppi der me sat
med eit her legt kaffi-bord framfyre oss. So
mange kakor hadde eg heller aldri set, og heller

1 Der er fleire Ree-gardar, "Stori, Lilleri og Langeri", som
me sa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free