Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seber i Diesenhagen, men eg syns aldri eg sidan
hev kjent den rike, rare smaken på noko anna
slag. Det som hev mint meg mest um dei store
myrke Diesenberi, er nokre svarte, små morellar,
som finst på eit gamalt kjempetre i hagen til
målaren Otto Valstad i Asker. Fyrste gongen eg
smaka desse — no over 30 år sidan — sa eg:
Dette smakar Diesen.
Ein smak kann som ei lukt og eit bilæte setja
seg fast i ein for live.
Endå eg berre var eit år eller innpå tvo då
me flutte frå Saastad, hadde eg so lenge eg kann
minnast ei lengting i meg etter lande og
landsens stell og liv.
Frå mor hadde eg det ikkje, for ho var byfødd,1
men far var av bondeblod. Og endå han helst
vart bymann, kom til Kjøpenhamn reint liten og
livde si lengste tid i Oslo, so synte han på
Saastad, at han kunde vorte god bonde og, etter alt
som sidan er meg fortalt av grannar i Stange.
Fyrst og fremst av gamle Bernt Arstad. 2
No er den gamle Diesen-garden innbygd i
byen. Men når eg kvar sumar reiser med jarn-
1 Mors-ætti hennar var frå Bøhmen, farsætti norsk.
2 Fødd ] 840. Han var son til Dyre Arstad (Frenning) som
drukna i Mjøsa på ein fisketur i 1863, der far min var med.
Bernt Arstad fortalde meg ogso um eit "storhall" på Saastad,
då han var 18 år. Best hugsa han frå den kvelden mor. Ho hadde
vore i rosefarga silke og "så vakker at det var et syn".
4 — Garborg.
47
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>