- Project Runeberg -  Barndomsminne /
55

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det eg kom inn i dei fem åra eg gjekk på
Glø-esens skule i Skappelgata på Hamar. Det skyna
eg, då eg seinare i live sjølv kom til å arbeide
med Rousseau.1

Og samanhenge millom Rousseau,
Grundtvig, Gløersen og Sagatun vart fyrst heilt medvete
og klårt for meg, då eg i 19** sat på Eidsvoll
folkehøgskule og høyrde Erling Grønland tala
um Grundtvig. Etterpå skulde eg tala um
Rousseau, og eg måtte ta til med å segje, at Grønland
no fyrst rett hadde lært meg, kor mykje
Grundtvig hadde bygt på Rousseau, og ført ideane hans
um religion og uppseding til Nordlandi.

Ein kan då segje at det var båreslagi av ei
verdsrørsle som slo inn yvi den vesle
nybyggar-byen ved Mjøsa i seksti-åra.

Eit ord av Rousseau måtte eg serleg hugse,
når eg tenkte på Gløersen. "Gjev barne lyst til
å lære, så er alle methodar bra".

Og det var det Gløersen gjorde — han gav
oss lyst til å lære. Skulen var ingi straff. Den
dagen me ikkje var på skulen, var spillt for oss.
No høyrer ein mest, at fridagane er det beste
ved skulen.

Gløersen fortal de. Og han kunde fortelja.

1 "Rousseau og hans tanker i Nutiden" 1909. Gyldendals
Boghandel, Nordisk forlag, Kristiania, Kjøbenhavn. Kom ogso
i nynorsk umsetjing på "Det norske samlaget".

55

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free