- Project Runeberg -  Barndomsminne /
56

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og timane i teikning, naturfag og song vart
feststunder.

"Frihåndstegning for alle som røbe anlæg for
det", og "morsmåle’’ skulde ha stort rom. I
øvste klassane skulde me lesa svensk og dansk
litteratur. Grundtvigsfolke dyrka eit slag åndeleg
skandinavisme1. Innføring i litteraturen måtte
vera det fyrste i all målupplæring; grammatikken
fekk koma etterkvart. Det siste er som me veit,
ein heilt moderne tanke som fleire skular
arbeider etter idag. Men dengongen var det nytt, og
vekte motstand liksom religions-upplæringi hans.
Han vilde ikkje ha religion lært som eit anna fag
på timeplanen. Kristendom var fyrst og fremst
liv, "dernæst er den tillige en lære, ikke
omvendt;" sa han i programtala si. Han vilde ha
religiøse samtalar med borni, og "for større piger
bibellæsning og gjennemgåelse av forklaringen
for dem som skal gå og lese." Bibelsoga vilde han
berre fortelja.

Skarpt og morosamt tala han til oss um
ut-lande og "dets forfinelse", som me so viljugt
herma etter. Han vilde jamne vegen for "kvinna",
som no kravde sitt rom ved sidan av
salong-dama. Av herming vart me løglege ogduglause;

1 O. Arvesen fortel i "Oplevelser og Erindringer" um
Dan-marks-uphalde sitt saman med Anker i 1860. I 59 hadde dei ogso
vore på eit skandinavisk kyrkjemøte i Lund.

56

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free