- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
24

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

M

10.

Moses.

Syng nr. 171.

Hev du høyrt gjete vesleguten som var dømd av
kongen til å drepast straks han var fødd? og likevel
vart prins i kongsborgi? Det er som eit eventyr, men
eg meiner det er sant.

Moses skulde verta hovding i Israel: han skulde
gjera dei tolv ættene til eitt folk; han skulde leggja
grunnvollen for heile Israels-soga. Det var difor Gud
laga det so vedunderleg for vesleguten.

Moses vart 120 år gamal; åri feil i tri bolkar, kvar på
40 år: fyrste 40 åri var han prins i Egyptarland;
næste 40 år var han gjætar i Midian; siste 40 år førde
han folket gjenom øydemarki til Kanaan.

Det var mykje denne mannen laut læra. I
prinse-åri gjekk han storskulen og høgskulen i Egypt. Du
veit egyptarane var fremste kulturfolket den tid. Moses
vart ein framifrå kulturmann: han lærde ikkje einaste
å lesa og skriva og rekna; han lærde matematikk,
land-mæling, bygningskunst, stjernelæra, helselæra, og han
lærde å kommandera ein her. Skynar du kor alt dette
kom vel med då han skulde vera Israels hovding?
Mange av dei gode lovene som jødane fekk av Moses,
peikar tydeleg på den lærdom og kunnskap han fekk
på prinseskulen i sin ungdom.

Men so dei næste 40 åri prinsen skulde gjæta, kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free