- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
25

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

25

skulde hau læra der? Han skulde læra å verta mild
og tolug. Det trongst vel. Du minnest han var ein
hissigkropp som ikkje vilde bøygja seg for nokon: han
fauk upp i sinne og slo i hel! Ein lang lang skule var
det for Moses der ute i Midjan. Men so ein dag kom
Guds kall til han; du kan lesa um det i 3. kapitlet i
2. Mosebok: Gud tala utor ein klungerrunne som
stod i ljos loge og like vel ikkje brann upp. Moses var
redd Gud, han løynde andletet sitt. Men der fekk
Moses sitt store møte med Gud, der lærde han Israels
Gud å kjenna. Gud nemner seg Jaha ve; det tyder:
eg er den eg er. Det er eit agelegt namn. Israelsfolket
våga meste ikkje nemna det; dei sa «Herren»; dif or
stend det i Bibelen vår jamt «Herre» i staden for Jahave.

Gud laut meste truga Moses til å ta imot det store
kallet; prinsen hadde vorte modlaus no, hadde ikkje
stor tru til seg sjølv lenger; han laut berre lita på Gud.
«Er eg den mann at eg kan ganga til Farao? og kan eg
føra Israel ut or Egypt ? » «Ja, svarar Gud, for eg skal
vera med deg!»

So hende under på under, og folket slapp ut or
trældomen, midnettes påskenotti; dei song lovsongar,
og dei lovsongane gjekk frå munn til munn, frå ætt
til ætt i mange tusen år; enno syng jødane
påskesal-mane sine um Herren «som med si sterke hand leidde
oss ut or Egyptarland».

Men Farao trega og sette etter dei med heile
her-makti si. Då tok Israelsfolket til å knurra og mukka
mot Moses: fanst det ikkje graver i Egypt, med di du
lokka oss hit ut til å døy i villmarki? var det ikkje det
vi sa med deg: la oss vera i fred! sa vi. Fy, å fy! slike
småungar dei var! «Ver ikkje redde! sa Moses, Herren
vil stri for dykk!» Ja du veit kor det gjekk: dei slapp
yver Baudehavet på fjøra; men då Farao kom etter,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free