Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
27
småungar! kva muna det å læra deim katekisma? dei
hugsa ikkje frå dag til annan. Men Moses var tolug;
han bad for folket: å gjev du kunde gløyma syndi deira!
kan du iklcje, so strjuk meg ut or boki di.
Soleis gjekk heile fyrste året. Til Kanaans grense
kom dei; 12 mann vart sende inn i landet, skulde
sjå kor alt var laga. Dei kom att og fortalde: landet
er rikt nok, men kanaanitene er store og sterke, vi
greier dei ikkje. Då tok folket til å murra att: dei skreik,
og dei gret heile notti: Gud gjeve vi hadde døytt i
Egyptarland! Vi vil ta oss ein hovding og fara attende
til Egypt!
Hadde det vore meg, so vilde eg ha svara: far attende
med dykk! utakksame folk! eg vil ikkje ha meir med
dykk å gjera! Men Moses var mild og tolug, mildare
enn alle menneske på jordi, stend det (4. Mosebok
12, 3). Han bad til Gud; han minnte Herren um det
han hadde love: Du Herre er tolug og rik på nåde!
tilgjev broti åt dette folket, liksom du hev havt
tol-mod med dei heile vegen frå Egypt og hit.
Moses hev fenge vitnemål som mest ingen annan:
honom lit eg so på, segjer Gud, at eg hev sett han
yver heile mitt hus; munn til munn talar eg med han.
Ja Moses var ein stor mann. Han var ikkje stor i
eigne augo. Men han såg stort på Gud og på Guds kall;
det var saki. Vi kan godt segja at for denne mannens
skuld hev Israelsfolket halde seg heilt til i dag. Det er
eit under at ikkje jødane hev drukna millom dei andre
folkeslagi, eller smelta saman med dei. Det plar elles
gå slik: det gjekk soleis med normannane i Frankrike,
dei vart fransmenn! det kjem til å gå soleis med
nordmennene i Amerika, dei vert amerikanarar. Men jødane
held seg i alle land. Dei hev enno Mose-lovi og pakti
frå Sinai.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>