Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
28
Og ein dag skal koma då dei angrar sitt fråfall,
stend det i Bibelen; det er difor vi driv Israelsmisjon.
Det er berre so ille at kristne menneske fer stygt med
jødane; dei hev gjort det i alle desse mange hundradåri,
og dei gjer det enno. Yi skal læra av Moses å elska
Israelsfolket, Guds eige gamle folk, folket til Abraham
og Moses, folket til Jesus vår Frelsar.
Moses fekk døy i fred på Nebotinden, der han såg
Kanaanslandet framfyre seg, og gledde seg, og takka
Gud. Eg tenkjer andletet hans stråla då, som det stend
um han: det stråla av andletet hans når han hadde
havt møte med Gud. Og eg tenkjer det stråla av
kjærleiken hans som han alltid åtte til dette stakkars
skrøp-lege folket sitt.
Moses på Hebo! sjølv slapp han ikkje inn; men han
såg fram i dei mange hundrad år, og velsigna Israel.
Mange vender stend vi gamle soleis og ser fram i
tidi: det landet vi har drøymt um, eit Guds rike på
jordi, med kjærleik og rettferd og reinleik og sanning,
der krig og fyll og uliv ikkje f inst. Vi signar dykk unge
som skal taka arven etter oss: no må de taka dette
landet i eiga! de skal kliva upp på akslane våre, so
ser de betre enn vi. Og so vil Gud velsigna alle norske
gutar og gjenter, so de må byggja eit lukkelegt Norge i
pakt med Gud. Amen.
Syng nr. 141, v. 5: Gud lat då bløma i kvar bygd
ein ungdom rik på tru og dygd, og lær deim Kristi
lydnad!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>