- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
48

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

Men det er ogso klårt at ordi peikar lenger fram: «til
æveleg tid,» stend det. Både profeten Natan og kong
David og alle som høyrde desse ordi, skyna det var
ein spådom um Messias, den store kongen som
Israelsfolket venta. Gamle Jakob hadde nemnt han då han
velsigna Juda son sin: ikkje skal kongespir kverva
frå Juda ell’ styrarstaven ifrå hans stol, fyrr
Freds-drotten kjem. No fekk Natan bera fram det
fagnad-bodet at Messias skulde koma i Davids ætt.

Difor heiter Messias frå den dagen alltid Davids son.
Dei som kalla Jesus Davids son, dei sanna dermed at
Jesus var Messias. Det var det dei gjorde palmesøndagen
då halve Jerusalem ropa «hosianna Davids son». Og
eitt namn til fekk Messias frå denne spådomen: Guds
son, etter ordet Herren sa: eg vil vera far for han,
han skal vera son min. Når døyparen Johannes vitna
um Jesus: han er Guds son, då segjer han med det at
han er Messias. Sameleis då Natanael sa: Babbi, du
er Guds son, du er Israels konge. Like eins då
lære-svemane i båten på Genesaret ropa: Ja sanneleg er
du Guds son. Eller då Simon Peter svara: Du er
Messias, den levande Guds son. Det var same namnet
øvstepresten Kajafas nytta: seg oss: er du Messias Guds
son?

David-sonen og Guds-sonen! Difor syng vi: Jesus
er den Davids son som større er enn Salomon.

Ja du veit Jesus var endå meir enn både David og
Natan og jødane i det heile skyna: han var Guds
ein-borne son frå æva av. «Det vesle barn i Betlehem han
var ein konge stor, som kom frå høge himmelborg ned
til vår arme jord.»

Men so mykje fekk då Israelsfolket tak i: Messias
skulde vera Guds utvalde i sers meining. Og alle
pro-fetane frydar seg når dei ser fram til den store kongen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free