- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
49

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49

som skal koma i Davids ætt. Dei venta alle dei skulde
få sjå han fyrr dei døydde. Kvar gong ein kongsson
* vart fødd, kom spursmålet: tru han er Messias?

Det er ikkje utrulegt at David tenkte Salomo var
Messias: at han gav han namnet Salomo peikar i den
leidi, Salomo tyder Fredsdrotten. I same leidi peikar
dei ordi David sa til Salomo; du kan lesa dei i 1.
krønikebok 22. kapitel, 9. og 10. vers: «Herrens ord kom til meg,
segjer han: du skal få ein son! Salomo skal vera namnet
hans; han skal vera son min, eg vil vera far hans, og
eg skal grunnfesta kongsstolen hans i all æva.» Det
vart eit vonirot: Salomo vart nok ingen Messias.
Vonbrot på vonbrot leid alle dei som venta, gong på
gong, i 1 000 år. Men venta gjorde dei like
brennande.

Salomo vart berre i sume stykke eit fyrebilete på
Messias. Han fekk stort ord på seg: han var visare
enn alle andre, heitest det. Du veit han synte stor
visdom då han skiide trætta millom dei 2 møderne: ho
som vil at barnet skal leva, ho er mori! Og du minnest
det kom ei dronning frå Saba i Etiopia som hadde høyrt
gjete kong Salomo; ho vart reint ifrå seg, lydest det:
i visdom og vyrdnad gjeng du yver gjetordet eg hev
høyrt. Det heitest og at Salomo dikta fleire tusen
ordtøke.

Alle ordtøke er visdomsord henta ut or gamle
røynsler; vi gjer vel i å akta på dei. Vi har mange norske
ordtøke: ærlegt varer lengst! som du sår, so fær du
hausta! Ivar Åsen hev samla mange; sjølv var han ein
vismann; men dei ordtøki han samla hev han ikkje
laga sjølv. Sameleis var det vel med Salomo. «Salomos
ordtøke» i Bibelen er ei samling som hev auka etter
kvart, lenge etter Salomo døydde. Men like eins som
David fekk sitt namn knytt til salmeboki, so fekk

4 — Anker: Bibelen for barn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free