- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
50

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

50

Salomo knytt namnet sitt til Ordtøki. Kjenner du
noko av Salomos Ordtøke ? «Du leting, gakk til mauren
og lær visdom!» «Tak vare på hjarta ditt framum alt;
livet gjeng ut frå det!» «Gjev meg ikkje rikdom eller
armod, men gjev meg kvar dag mitt daglege brød!»

Salomo var rik. Men han slo stort på: han hadde
40 000 par vognhestar og 12 000 ridehestar. Kongsstol
fekk han seg av filsbein, klædd med skirt gull, med 12
støypte løver på sidene; det var ikkje laga maken i
noko rike, heittest det. Mykje fekk han i skatt av
små-kongane og jarlane i grannelandi; men mykje laut
israelitane svara i skatt. Det var ikkje fritt anna dei
murra; men for Davids skuld, heitest det, heldt dei
fast ved Salomo so lenge han levde.

Tempelbygget vart ei nasjonal sak, som heile folket
med gleda var med på. David hadde sanka i hop vyrke
i mange år, og jamvel laga ferdig teikningar til templet.
Frå Fønikia kom cedertre hogge på Libanon, fløytt
til Joppe, og køyrt fram yver Saron-sletta; 30 000
arbeidsfolk var med i dette arbeidet. Salomo fekk
bygg-meistrar og tre-skjerarar og vevarar frå Fønikia: dei
skar ut kjerubar i veggene, og serleg gjorde dei seg
fyre med dei tvo kjerubane på nådestolen. Du kan
lesa um alt dette i 1. kongebok eller 2. krønikebok;
det er forvitneleg lesnad.

Då so templet var ferdigt, heldt dei vigsla i
lauvhytte-helgi. Salomo velsigna folket og takka for velgjort;
han bad ei bøn som vi nyttår ved kyrkjevigslene her
i landet: «Himlane kan ikkje røma deg, kor mykje
minder då dette huset. Men du må høyra i himmelen
dei bøner som vert sende frå dette huset.»

Det er vondt å lesa um Salomo at han seinare bygde
altar for framande gudar. Og han fekk mange imot
seg: far din la på oss eit hardt ok! sa folket til son hans.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free