- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
99

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99

festa rot i det framande. Ja dei trugne fekk høyra
vond-ord av desse landsmennene sine: kva gjeng de
og sturer for? her er bra nok, berre de lagar dykk etter
høvet! det gjer ikkje noko gagn å sjå de gjeng og hengjer
med hovudet! Dei trugne jødane kjende seg som
synde-bukkar, vanvyrde av sine eigne.

Tenk um desse verdslege israelitane hadde
um-vendt seg til Gud! då vilde dei skyna at det var Herrens
trugna tenarar som bar folket frelst gjenom trengslene.

Diktarpresten Anders Hovden hev ein salme som
høver her. Nr. 685 i «Nynorsk salmebok». Syng han,
men helst på tonen «I rosenlund under Sagas hall»:
«Dei som gjeng fyrst og brøyter leid i lange
fram-gangsferdi, dei femner full si bringa dei av kvasse
fiendsverdi».

Når eg tenkjer på desse ordi, må eg koma i hug
Arnold Winlcelried i Sveits. I fridomssoga åt
sveitsar-folket er det fortalt at austerrikane rykte fram i lange
rekkjer med felte spjot; det f anst ikkje gjever eller
kanoner den tid. Kvarhelst sveitsarane vilde fram,
møtte dei spjots-oddar, so dei laut vika. Då ropa Arnold
Winkelried: brøder! eg skal gjera veg åt dykk! dermed
gjekk han fram og femnde um so mange spjot han kunde
og drog dei i hop mot bringa si. Han fall; men yver
hans lik vart eit stort op, der sveitsarane storma fram
og vann siger.

Soleis gjorde Jesus, Frelsaren vår. «Vi fér alle vilt,
vende oss kvar sin veg,» Det er millionar syndevegar
som møtest på Golgata; dei er som millionar
spjots-oddar som borar igjenom Jesu hjarta. Han vilde gjera
veg åt oss til Gud; so gjekk han fram og femnde um
alle spjots-oddane, og han femnde vida yver heile verdi.
Der han gav sitt liv, der er no open veg for syndarar
til Gud.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free