Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
og sundbroten for våre synder. Han fekk refsing, til
fred for oss; i såri hans fann me lækjedom. Alle
for me vilt, vende oss kvar sin veg; men Herren let
råka honom det me alle var skuldige i. Viljug leid han,
let ikkje munnen upp, som lam på veg til slakting,
som sauen tegjer under soksi».
Du kan lesa heile kapitlet. Kan du tenkja anna
enn at han som skreiv desse ordi sjølv hev set Jesu
liding på Golgata ? Men ordi er skrivne 5—600 år fyre.
Profeten hev sjølv røynt noko av det same.
Høyr no etter! og sjå um du kan tenkja deg inn i
samanhengen:
Herrens tenar er eigenleg Israel, som vart vanvyrdt
av heidningfolki og skamfare på alle måtar. Det er
klårt det er Israel han tenkjer på når han segjer: kven
er blind som Herrens tenar? (42, 19).
Profeten gjev folket trøyst. Ja heile denne andre
luten av Jesaja-boki er nemnd Trøyste-boki. Ho tek
til: trøysta, trøysta mitt folk!
Dei leid vondt i Babylon, burtførde frå heim og
fedraland. Du kjenner den 137de salmen: ved Babels
elvar der sat me og gret; harpene hekk millom
vier-runnar! dei kravde song av oss: syng Sions songar! kor
kunde me syngja Herrens song på framand jord?
gløymer eg deg Jerusalem, so gjev mi høgre hand må
visna!
Sers harde fangekår hadde dei ikkje: dei fekk lov
å byggja seg hus, fekk jord å dyrkja, kunde ta til med
handel og samla seg rikdom. Mange israelitar fann seg
etter kvart vel til rettes. Det viste seg då persarkongen
Kyros gav dei lov å fara heimatt; mange vilde ikkje.
Du kan veta det var vondt for dei trugne jødane som
lengta heim og aldri kunde slå seg til ro på framand
jord; — det var vondt for dei å sjå landsmenn i mengd
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>