- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
106

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20.

Nehemia.

Syng: Gud signe Noregs land.

Då Georg Stang vart gravlagd, heldt Peter
Hognestad minnetala. Det var Noregs ungdomsfylking som
kosta gravferdi, og Hognestad var ungdomsprest. Han
tok teksti or Nehemiaboki (4, 17): med eine handi
gjorde dei arbeidet, med hi heldt dei verja. Welhaven
hev skrive eit dikt um Nehemia; Hognestad hermde
siste ordi i det diktet: det står en skrekk av byggende
menn som velger at bygge med sverd ved lend.

Det var det Georg Stang hadde hjelpt oss til då vi
vann sjølvstendet vårt i 1905. På bautaen hans stend
dei ordi av Hovden: han gav oss mod, han gav oss makt
å gjera Noreg fritt.

Nehemia var skjenkjar hjå persarkongen.

Då persarane tok Babylon, fekk jødane lov å fara
heim. Det var stor gleda, kan de veta, endå ferdi var
slitsam nok. Salme 126 skildrar heimferdi: Då Herren
førde Sions fangar heimatt, då var me som drøymande;
då fylltest munnen vår med fagnadrop. Store ting hev
Herren gjort mot oss.

Men det gjekk ikkje so lett då dei var heimkomne.
Dei jødane som hadde vore heime såg med mistru på
dei som kom heim, ukjende som dei var for kvarandre.
Jerusalem låg i røys. Eigedomane var komne i hendene
på heime-jødane, det var ikkje so beint fram å semjast
um eigedomsretten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free