- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
107

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

107

Like vel la dei heimkomne grunnvollen til eit nytt
tempel. Esraboki i Bibelen fortel at dei «song lov og
takk til Herren av di han er god og hans miskunn
varer æveleg». Høge fagnadrop ljoda. Men mange av
dei gamle gret høgt, dei tenkte på Salomos tempel.

So kom samaritanane og bad um å få vera med og
byggja templet. Samaritanane var eit blandingsfolk,
halvveges jødar, halvveges heidningar. Dei sa til dei
heimkomne jødane: la oss få vera med og byggja; vi
held oss til dykkar Gud likso vel som de. Men jødane
sa nei: dei rekna ikkje samaritanane for rett-truande.
Det var syrgjeleg trongsyn og hjartelaust stivlynde.
Dei burde heller ha fagna dei nye halvbrørne sine og
hjelpt dei fram til rettare tru, ikkje sant? Det hadde
vore etter Jesu hjartelag. Stakkars samaritanane, dei
kjende seg såra av hjartekulden dei møtte. Og jødane
fekk svi for det: samaritanane vart alle dagar fiendar
av jødane. Fyrebels fekk dei meinka tempelbygget.
Det gjekk yver tjuge år fyrr templet vart ferdigt. Då
song dei salme 118: dette er dagen som Herren hev gjort.

Elles såg det ikkje rart ut. Siste profetboki i det
gamle testamentet (Maleaki-boki) viser syrgjeleg
likesæla: jamvel prestar hadde gift seg med heidne kvinner!
og ved ofringane ofra dei låke og sjuke dyr, og tok sjølve
dei friske og gode. Den skriftlærde presten Esra freista
reformera livet og gudstenesta. Men det gjekk trått.

So kjem Nehemia, utnemnd av persarkongen til
jarl i Judea. Det som serleg brenn i hugen hans er å
reisa uppat mur ane kring Jerusalem. So lenge murane
låg nede, kunde grannefolk lett trengja inn i byen.
Grannefolki freista sjølvsagt meinka arbeidet med
murane. Då fylkte Nehemia folket og væpna dei med
forsvarsvåpen. Helvti av folket dreiv på med
murarbeidet; andre helvti stod væpna på vakt. Dei skiftest

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free