- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
108

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

108

til, og dreiv på både nott og dag. Kom nokon av fiendane
og tok på arbeidarane, straks var det ein vaktmann
som bles i horn, og dei væpna flokkane samlast til
forsvar. Nehemia og vaktmennene kom ikkje or klædi
desse vekene. Nehemia reid ikring og såg etter arbeidet
og sette mod i folket. Dette minnet vil aldri døy. Det
ser ut til dei slapp å drepa nokon av fiendane sine;
det var nok at dei stod ferdige til å verja seg, so våga
ikkje fiendane gå på.

No kjem tidi for Esra til å føra igjenom sin
reformasjon. No hev han jarlen i Judea med s eg, med fullmakt
frå persarkongen.

Iste oktober det året var det stor folkestemna på
torget i Jerusalem. Esra las upp or ei ny lovbok. Truleg
var det «Presteskrifti», skrivi i Babylon av Hesekiels
læresveinar; ho inneheldt mesteparten av bodi i 3.
Mosebok. Då Esra steig upp på talarstolen og opna
lovboki, reis alle upp. Det er den skikken vi bar i
kyrkjene våre: når bibelordet vert lese frå preikestolen
eller frå altaret, då ris alle upp.

Lovene var strenge, forbaud ekteskap med heidne
kvinner, prenta inn sabbatsbodet, og kravde avgifter
til templet. Folket gret då lovordet vart lese. Men
Nehemia stagga dei: denne dagen er heilag! gakk heim
og gled dykk! gleda i Herren er vår faste borg. Det er
frå desse ordi det er henta ordet um at gleda i Herren
er vår styrke, eit strålande ord, ikkje sant? Nehemia
skal ha takk og ære for det.

Etterpå folkestemna heldt dei lauvhytte-helgi i sju
dagar på gamal vis. Slutten vart den høgtidlege
lovnaden som folket gjorde, og som hovdingane og prestane
skreiv under: dei lovar å fylgja Guds lov med avgifter til
templet, med å halda sabbaten heilag. Eeformasjonen
vann fram.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free