Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
122
baten, han tvinga jødar til å eta ureine dyr. Det hende
at ein flokk jødar høgtida sabbaten; syrarkongen let
dei alle førast på bålet, der dei vart levande brende.
Møder som hadde late borni sine umskjera, vart pinte
ihel. Jødar som nekta å eta urein mat, vart hengde.
Syrarkongen reiv ned murane kring Jerusalem, so byen
vart verjelaus. Han bygde ei syrisk borg midt i byen.
Han bygde altar for Zevs rundt ikring i landet. Til
sist vart Herrens tempel innvigd til Zevs: offer-røyken
steig upp til æra for Zevs i sjølve Guds heilagdom.
Det er dette som Daniels-boki (11, 31) nemner «den
øydande styggedomen på den heilage staden», eller
som det heitte i den danske bibelen: ødeleggelsens
vederstyggelighed. Då gjorde jødane uppreist. Det samlast
nokre hundrad trufaste jødar, med presten Mattatias
til hovding. Han hadde fem spræke søner, serleg var
sonen Judas som ei ung løva. Han førde flokken og
slo syrarane gong på gong. Difor fekk han tilnamnet
Makkabeus, det tyder Hamaren; han slo so hardt som
ein hamar, skynar du. Etter han fekk heile ætti namnet
makkabeane.
Tonediktaren Handel skreiv eit kor-verk han kalla
«Judas Makkabeus»; Handel levde for 200 år sidan.
I dette korverket skildrar han martyrtidi då truande
jødar vart drepne for si tru. Og so skildrar han
upp-reisten; det er der vi finn ein namngjeten sigersong
då Judas Makkabeus kjem heim etter vunnen siger, og
kvinnene kjem med helsing: sjå no kjem han
sigers-krynd. Eg hev høyrt f leire songkor sunge den tonen
til ordi: Sions dotter! sjå han kjem.
På resten tok makkabeane att Jerusalem, jaga
syrarane burt, og vigsla templet på nytt til Herren.
Det er dette hendet som jødane seinare høgtida kvart
år, med namnet tempelvigsle-helgi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>