Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
123
Dei fekk fem store høgtider på den tidi: påske,
pins, lauvhyttehelg, tempelvigslehelg, og purim (um
purim kan du lesa i Ester-boki).
Du kan veta jødefolket gledde seg og var takksame
mot makkabeane. Dei var av presteætt, so det høvde
godt at dei var øvsteprestar; men dessutan fekk dei
kongsvyrdnad. Makkabeane styrde Jødeland i hundrad
år, til romarane tok landet.
I desse hundrad åri var det ikkje fritt anna sume
jødar drøymde um Messias-riket: no er han komen
som er både prest og konge etter Melkisedeks vis. Du
kan lesa um Melkisedek i 14. kapitel av 1. Mosebok,
og i 110. Davidssalmen. Han var som eit fyrebilete
på Messias. Hebrearbrevet hev ei lang utgreiding
um han.
Men det vart eit stort vonbrot: dei seinare
makkabeane søkte sin eigen bate, mjøla si eigi kaka, som vi
segjer, og tenkte berre på å vinna rikdom og æra og
makt. Det gjeng tidt soleis med dei som fær høg vyrdnad.
Likevel skal vi æra minnet um Judas Makkabeus.
Mange kristne kan koma til å lida forfylgjing for si tru.
Her i landet har vi det makalaust godt i den vegen.
Det er ikkje no slik som då Hans Nilsson Hauge vart
forfylgd. Men vi høyrer gjete i andre land, kor kristne
menneske vert pinte og drepne for si tru. Difor bed vi
kvar sundag i kyrkjebøni: ver deira styrke som lid
trengsla for Kristi namn skuld. Og når vi les i avisene
um forfylgjingar av kristne både i Europa og i andre
heimsluter, då må vi be for brørne våre, og takka Gud
for han styrer heile verdi!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>