- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
15

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

det hadde fyrste dagen. — Fyrste månaden aukar vekta
med 25 gr. um dagen, 2. månaden 25 gr., 4. månaden 20
gr., 7. månaden 15 gr. og 12. månaden 6 gr. for dagen.
Frå denne regelen er det elles ofte store undantak. Men
fyrste året aukar tyngda gjerne med 5—6 kg.

Korleis det er med den kroppslege vokster seinare, er
det endå verre å setja upp visse reglar for. Tida frå 2 til
6 år er etter måten lite granska endå i dette stykket. Me
har betre kjennskap til voksteren i den tid barnet går på
skule. I alle fall er det spursmålet granska svært mykje i
mange land. I vårt land er diverre heller ikkje det til=
feilet. Det eg veit, er det berre dr. Carl Schiøtz som vit*
skapleg har røkt etter korleis det er med den kroppslege
vokster hjå norsk skuleungdom.

Barnet veks etter måten lite i høgd frå 2* til 5*års*
alderen. Men so kjem eit par år med sterkare vokster.
Men denne vokstertida i menneskelivet byrjar ikkje like
tidleg hjå oss som hjå dei som bur i Mideuropa t. d.
I Holland, Tyskland og Sveits veks borna gjerne snart
frå 5* til 7*årsalderen. I Danmark tek denne vokster*
tida til umlag 1 år seinare. Og her hjå oss kjem ei
slik vokstertid endå seinare, ser det ut til. I vårt land
veks gjentene mykje i 8*årsalderen. Gutane kjem noko
seinare. Det 9. og serleg det 10. året er sterke voksterår
for dei. — Frå det 9. til det 10. året veks gjentene mindre,
men so tek dei sin mun att i det 12. og 13. og noko i det
14. året og. Gutane har ei kviletid i det 11. og 12. året,
men veks ’sterkt i det 13. og 14. året. Dei tre næste år, 15
— 17, er og sermerkte med sterk kroppsvokster hjå gutane,
medan gjentene veks mindre desse åra, i alle fall i høgd.
Tyngda derimot aukar ikkje so lite. — Frå det 12. til det
14. året veks gjentene mykje sterkare enn gutane, so dei
i 13—14*årsalderen gjerne er høgre enn gutane. Men so
tek gutane dei att, og får eit overtak som dei aldri misser
meir.

Til å syna høgdevoksteren hjå norske born frå 7*
til 14*årsalderen tek eg inn ei teikning som er laga av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free