Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
16
Carl Schiøtz. På denne teikninga er synt fram kor stor
voksteren er for kvart år rekna i % av høgda året fyrr.
(Sjå fig. 1). Um lengdevoksteren er og å segja det, at i
dei år då han er størst, då er og voksterskilnaden millom
dei ymse born størst, variasjonen som ein segjer, er størst.
Dei år då lengdeaukinga jamt over er minst, då nærmar
alle seg meir ein medelvokster. Når eit menneske vert so
mykje større enn eit anna, so er det nett i dei store vokster*
tidene denne skilnaden serleg vert til.
Det er ikkje berre dei ymse år at barnet veks rykke*
vis. Voksteren heng og noko saman med, eller rettar seg
etter årstida. Ymse granskingar, serleg i Danmark og
Tyskland, har vist, at frå januar til april veks barnet
både i lengd og tyngd umlag medels; i mai—august
veks det sterkt i lengd, men vekta aukar lite; siste tridje*
part av året syner den største vektauking, men den
minste lengdevokster. Lengdevoksteren er soleis størst i
vår* og sumarmånadene, februar—august; vektaukinga
er serleg stor i haust* og vintermånadene,
september-januar.
Den største lengdevokster og den største vektauking
feil ikkje saman i tid. Det er heller soleis at nett i dei
tider då barnet veks mest i lengd, då veks det minst i
tyngd. Det gjeld både dei serlege vokstermånader og
voksterår. Difor vil ein og gjerne sjå at i desse lengde*
vokster*tidene då magrast borna; dei vert lange og tunne
å sjå til. Vektaukinga kjem i tid litegrand etter den
største lengdevokster. Det høver med at i dei tider barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>