Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
17
veks etter måten minst i høgd, då vert det tjukkast og
lubnast å sjå til. Det er ikkje vanskeleg å leggja merke
til det.
Tvo amerikanske vitskapsmenn, Stephenson og Dukes,
har granska nøgje samhøvet millom lengdevokster og vekt*
auking. Resultatet dei kom til, har dei synleggjort i tvo
teikningar, som eg tek inn her. (Sjå fig. 2). Som ein ser,
har ikkje dei amerikanske borna havt sine beste voksterår
plent på same tid som tilfellet er med dei norske born,
etter det Carl Schiøtz har funne. Men det kann me sjå
burt frå her. Teikningane syner tydeleg det me nettupp
har nemnt, at den største vektauking kjem etter den største
Fi
lengdevokster. (Um sjølve teikningane er elles å segja
det, at dei er laga soleis, at dei syner beint fram den ulike
vokster til dei ymse tider, utan at det er teke umsyn til
um det er ein stor eller liten kropp som har vakse so
mykje for året. Voksteren er ikkje rekna ut i % av lengd
og vekt året fyrr, so som Schiøtz har gjort på si teikning.
Det må ein og ha for auga, um ein vil likna desse teik*
ningane nøgje saman).
Ikkje i noko land har det vorte gjort so mange vit*
skaplege etterrøknader um den kroppslege vokster hjå
born og ungdom som i Sambandsstatane i Nord*Amerika.
Fyrst og fremst er her Stanley Hall å nemna. I denne
boka er det ikkje råd å få plass til å tala um dei resul*
tat han har kome til i det einskilde. Eg lyt lata det
vera med berre å nemna, at han har funne at frå det
13. til det 18. året (6 år) veks mennesket mest like mykje i
Nordeide: Frå barn til vaksen. 2
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>