- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
20

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

dobbelt so stort som det var nett fyrr overgangsalderen
tok til.

Borna andar og snarare enn den vaksne. Det nyfødde
barnet andar kring 40 gonger i minutten, seksåringen
kring 22 og eit vakse menneske 13 gonger.

For den kroppslege utvikling og for helsa, har det so
mykje å segja at lungene er store og rømer mykje luft.
Det har vorte laga ambod (apparat) til å mæla kor mykje
luft lungene rømer, eller mæla lungekapasiteten som ein
segjer. Amerikanaren Smedley har funne desse tala:

i 6 årsalderen rømer lungene hjå gutane 1020 cm3, hjå gjentene 950 cm3

i 9 - - - 1470 * - - 1290 =

i 12 - - 1880 * - - 1660 =

i 15 - - - - 2700 * - - 2170 *

i 18 - - - 3650 * - - 2340 *

Hjå det nyfødde barnet er kring 74 % av kropps*
tyngda vatn. Hjå den vaksne er det tilsvarende talet
kring 58 Jamvel i musklane hjå barnet er det etter
måten mykje vatn og lite faste emne (muskelto).

Etter storleiken i alle fall treng eit barn mykje meir
mat enn ein vaksen. Barnet må ha næring ikkje berre i
staden for slitet i kroppen. Det skal og veksa. Og til det
trengst det og mykje byggingsvyrke.

Barnekroppen er ein betre varmeleiar enn den lekamen
ein vaksen har. Difor har barnet mykje lettare for å
verta forkjølt enn me vaksne. Dette er noko som det ofte
vert teke for lite umsyn til både av foreldre og lærarar.
Og det fører ofte til sjukdomar som ikkje sjeldan vert
årsak til ein tidleg død.

Det skal so lite til fyrr nerveverket hjå barnet vert
påverka sterkt, ser det ut til. Endå ikkje nerveverket
er fullferdigt som det er hjå den vaksne, (det skal me
tala um på ein annan stad) so er det lel so varnemt. Det
meiner dei er årsak til at hjarta t. d. kann verta jaga til
å arbeida so over all måte når barnet er sjukt, jamvel
um sjukdomen slett ikkje er so fårleg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free