Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21
Dei giftemne som vert til i kroppen når ein arbeider,
lagar seg mykje snarare hjå barnet enn hjå den vaksne.
Men so går det og so mykje snarare for blodet å strøyma
gjenom heile kroppen hjå barnet, at desse giftemna kann
koma so snart burt. Her er vel ein av grunnane til at
barnet både trøytnar snøggare enn den vaksne, men og
frisknar snøggare til og kjem seg snart til den vanlege
arbeidskraft att.
Barnet treng mykje meir svevn enn me vaksne. Det
nyfødde barnet søv mesteparten av døgret. Men eldre born
treng og mykje svevn. I 7—9* årsalderen må eit barn
få sova 11 timar for døgret, i 10—13* årsalderen 10 timar.
Eldre born treng kring 9 timar.
Det er ikkje det same kva tid eit barn går til sengs
um kvelden. Mange foreldre ber seg reint uvisleg åt.
Dei held ikkje tilsyn med når borna roar seg. Og difor
kann ein ofte treffa småborn ute i 10— 12*tida um kvelden.
Men det er meir enn ille. Professor Holst segjer at i 8*
årsalderen bør borna gå til sengs kl. 8; seinare kann
dei få vera time lenger uppe utover kvelden for kvart
år dei vert eldre til dei vert vaksne. Tolvårs born skulde
då roa seg kl. 9, og 16*års gutar og gjenter skulde ikkje
vera uppe lenger enn til kl. 10. — Det vilde truleg vera
godt for borna både til kropp og sjel um ein slik regel
vart fylgd i det store og heile.
For åndslivet hjå oss har ikkje noko organ so mykje
å segja som hjernen. Hjernen er tvillaust den viktugaste
reidskapen sjela har. Um det skal me elles tala seinare.
Her skal me berre leggja merke til den hjernevokster som
ein kann nemna i tal.
Med same barnet er født, er hjernen kring 14 % av
heile kroppstyngda. Hjå den vaksne er hjernen kring
21/3 %. — Hjå den nyfødde har hjernen alt millom V3
og V* av den tyngd han får når han er heilt utvaksen.
Til barnet er 4 år har hjernen vorte umlag dobbelt so
stor (millom og 2/s av den tyngd han kann koma til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>