- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
28

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28

1000 gr., so har det ikkje vanleg folkevit Alle røynsler
peikar på at det er eit lågmål som ein ikkje kann koma
under utan at det syner tydeleg på åndsgivnadene. Sume
fåmingar og sinnssjuke menneske har ein slik hjerne
som er so for lett. På den andre sida kjenner ein og
døme på at ein tumsing kann ha ein ovleg tung hjerne.
Men då syner det alltid på hjernen at han er ikkje bygd
i alle måtar som hjernen hjå vanlege menneske. Ofte
er det då so mykje vatn i hjernen, eller det er andre
synlege misdaningar.

Det er sjølvsagt ikkje råd beintfram å få greie på
kor tung hjernen er hjå eit levande menneske. Men ein
kann mæla kor stor hovudskåla er. Lengd og breidd
kann ein mæla med ein passar som er laga til det bruk.
Eller ein kann mæla umkrinsen med eit band. Bandet
legg ein kring hovudet vassbeint nett ovanfor augnebru*
nene. No kann ein som vanleg regel i alle fall gå ut
frå, at den som har det største hovud, (største lengd og
breidd tilsaman, eller største umkrinsen) han har og den
største hjernen. Og då kann ein um veges på ein måte
samanlikna hjernane hjå dei ymse menneske endå um ein
ikkje kann vega dei.

Sume har meint at storleiken på hovudskåla skulde
kunna gjeva oss ei meining um kor høgt mennesket stod
i intelligens. Det har vore gjort ei mengd mælingar på
born; og so har det vorte set etter korleis dei tal som
mælingane gav, høvde til dei evne*vitnemål skulane hadde
gjeve desse borna. Desse granskingane har tydeleg vist,
at det er eit minstemål hovudstorleiken ikkje må koma
under, dersom barnet skal ha vanleg vit. Sjølvsagt må
ein då taka umsyn til alderen både når det gjeld hovud*
mål og intelligens. Ein granskar har soleis funne at
7*årsgamle gutar med eit hovudmål (umkrins) under 48
cm., hadde aldri gode åndsevner. Likeins 10*åringar
med hovudmål under 49,5 cm, og 12—14*åringar med
hovudmål under 50,5 cm. For gjentene i same alder
nemner han 47 cm., 48,5 cm., 49,5 cm. — Dei som har medels

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free