Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
29
stort hovudmål, kann ein gå ut frå har medels evner.
Men dei som har sers stort hovudmål, er det verre å
verta klok på. Dei kann ha uvanleg gode evner; men
dei kann og vera under det vanlege. Det gjeld då i alle
fall dei som har »vasshovud«. Men det ser lel ut til å
vera so, at mesteparten av dei som har sers gode evner,
dei har og eit stort hovudmål.
Noko heilt påliteleg varsel um åndsevnene er ikkje
hovudmålet, som me ser. Men det er i alle fall visst, at
vert hovudmålet so reint lite, so tyder det alltid på fåming*
skap. Ein kann nok elles og tala um kva som er regelen.
Men i dei einskilde tilfelle er det rådlaust å tenkja seg
til å byggja på regelen. Då kunde ein misrekna seg stygt,
og gjera stor urett og.1
Å ha ein sterk og velvaksen kropp er i det store og
heile eit godt grunnlag for gode åndsevner og. Det stad*
fester røynsla. I det tilfelle er ikkje berre kroppen vel*
vaksen og sterk, men hjernen er og stor og velbygd. Og
det er verkeleg ofte at dei ting fylst åt. Men det er ikkje
so få undantak. — Det er sume som har sterke bein og
musklar, og alle kroppsorgan er godt utvikla — med undan*
tak av hjernen, endå um og hovudet er stort. Hjernen
er lite skikka til arbeid. — Desse menneske har alltid
fælande små åndsgivnader. Dei er »muskelmenneske« og
ikkje noko meir.
1 Dr. Lay fortel at han stundom har teke hovudmåla på dei som
vilde inn på lærarskulen der han var lærar. Av 42 aspirantar eit
år vart 23 upptekne; 19 måtte gå tilbake. Desse 42 hadde i
lengde;breiddesum frå 31,1 cm. til 38 cm. Av dei 19 som ikkje
kom inn, hadde 8 ein sum under 33 cm., 6 frå 33 til 34 cm., 5
frå 34 til 35 cm. Ingen av dei upptekne hadde under 33 cm., og
ingen med over 35 cm. vart send heim att. Dei 5 som hadde frå
34—35 cm. men lel ikkje kom inn, var dårleg fyrebudde. Den
som hadde minste sum, 31,1 cm., hadde skreve ein uvanleg dårleg
stil. Han freista seinare å koma inn på 2 lærarskular og tok i
alt 4 upptakingsprøver, men greidde det aldri. Ein som hadde 32,4
cm. i hovudmål, men ikkje kom inn fyrste gongen, han kom att
året etter, og gleid då nett inn med stor møde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>