Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
30
So er det nokre som har ein veik kropp. Dei er
granne, stundom og småvaksne i det heile. Men serleg
er dei bleike og ser ofte ufriske ut. I alle fall er dei so
i pubertetsåra. — Men hovudmålet held dei. Hovudet
er ofte stort etter kroppen. Og dei har gode åndsevner,
ofte sers gode og. — Slike bør det verta fare varsamt med
på skulen. Ikkje minst er det um å gjera i overgangs*
alderen. Vert dei då sette til tungt åndsarbeid, og må
dei so attåt sitja mykje inne, so vert dei kanskje helse*
lause for livet. Dette arbeidet, og skulelivet i det heile,
kann verta årsak til, at den kroppslege vokster vert hindra
i den tid då kroppen kanskje kunde taka noko att av
det han har fått for lite fyrr.
Men ikkje alle dei som er kroppsleg veike, har vel
utvikla hjernar. Tvertum. Det er mange som det er smått
med både til kropp og sjel, som ein segjer. Og slike
born vert ofte til den største byrde for dei som skal ha
med upplæringsarbeidet å gjera. Dei lærer ikkje noko.
Og so vert dei sett att frå klasse til klasse kanskje.
Um det samhøvet det er millom kroppsvokster og
åndeleg arbeidsevne, skriv dr. Carl Schiøtz nokre ord som
eg vil nytta her: »Det er en ikke helt sjelden opfatning
at de som står tilbake i skolefagene, ofte er velfødde
slyngler, for late til å følge undervisningen opmerksomt.
Og at de fremragende kloke barn serlig finnes blandt bleke
og nervøse. Dette er imidlertid ikke tilfellet unntaken for
et fåtals vedkommende, unntakelser som bekrefter regelen.
Regelen er tvertimot den, at de med hensyn til høide og
vekt vel utviklede og sundeste barn også er mest skikket
til å klare skolepensumet fra år til år.« — Fleire vit*
skaplege etterrøknader ser ut til å prova dette. Schiøtz
nemner soleis, at i Bonn vart det eit år røkt etter korleis
det var med dei ll*åringar som gjekk på skule. Det
synte seg då at nokre var komne alt i 7. klassen; men
sume var endå i 6., 5. eller 4. klassen. Dei 1 kåringane
som var komne i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>