- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
39

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39

arbeidet å gjera, kann ikkje vera ferdiglaga endå. Men
me kann sjå at det går ikkje so lang tid fyrr desse trykk*
sansereidskapane er fullt brukføre. — Barnet tek til å suga
på fingrane straks det er født. Kjem eit klædeplagg attåt
munnen, so vender det hovudet mot klædeplagget so godt
det kann, so det kann få nå i det med munnen. Det er
ikkje mange timar fyrr ein kann sjå noko slikt. — Når
barnet vert ein 3 månader gamalt, so kann ein leggja merke
til at det likar å få taka i og kjenna på eit og anna som
det får i hendene. Dette vert upptaket til at det seinare
beint fram held på å leika seg med trykk*kjenningane det
kann få.

Når barnet er nokre år gamalt, har det ein finare
trykksans enn me vaksne. Skilnaden syner seg m. a. i
det, at ein på ymse stader på kroppen treng um å
flytta tvo passaroddar eit kortare stykke frå kvarandre
fyrr barnet kjenner tvo stikk, enn tilfellet er hjå oss
vaksne.1

Rørslesansen (den kinestetiske sansen). Denne sansen
har so ovleg mykje å segja for oss — visseleg mykje
meir enn me tenkjer. Han fortel oss kva stilling lemene
har til kroppen, um me aldri ser det. Det er serleg frå
bruskflatene i ledene at me får desse meldingane gjenom
visse nervetrådar. — Desse organ ser og ut til å vera
brukføre hjå barnet tidleg. Når barnet vert so stort at
ein kann få litegrand greie på kva det kjenner av dette,
so finn ein at det er like godt utrusta med organ for
rørslesansen som me vaksne. Ja i sume ting er rørsle*
sansen endå finare og grannvarare hjå barnet enn hjå dei
vaksne.

1 Når eg talar um den fine kjennesansen som barnet får, vil eg og
nemna at det er vitskapleg prova at born har fått livsvarig skade
av at dei har vorte slegne med t. d. spanskrøyr på fingergomane.
Difor skriv og dr. Lay i boka si um den eksperimentelle didaktikk
desse orda: »Like lite som ein må bruka stokkar på øyro og
augo, like lite er det lovleg å gjera det når det gjeld kjenneorgana
på fingertuppane.«

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free