Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
40
Jamvektsansen har beste organet sitt i det indre øyra
truleg. I forgarden i det indre øyra ligg nokre små,
kvasskanta kalkkrystallar, otolitane vert dei kalla. Etter
som kroppen vender på den eine eller den andre måten,
vil otolitane trykkja eller tyngja til ymse kantar på ut*
greiningane av nerva i forgardsveggene, forgardsnerva. Og
soleis vert det til ymse (trykk)kjenningar som melder um
dei ulike stillingar kroppen kann ha.
Som me veit, er det indre øyra fyllt med væske. Når
kroppen er komen i ei stø rørsle, vil væska og veggene
flytta seg i same lei like snart. Og då vil ikkje rørsla
føra til noko trykk på nokon kant. Men stoggar no krop*
pen, vil væska endå gå i same lei og med same fart som
fyrr ein augneblink. Men då vert det til eit tyngre trykk
inne i bogegangane på den veggen væska støyter mot.
Og so vert nervegreinene i denne veggen spora, og det
vert til ei kjenning som fortel um det rørsleskiftet kroppen
har gjort.
Hjå mange dauve har desse sanseorgan, forgarden og
bogegangane, vorte øydelagde av den sjukdom som har
øydelagt høyrslesansen. Og difor vil slike dauve heller
ikkje kunna få sovorne kjenningar som melder um dei
rørslebrigde som me har tala um no.
Korleis det er med jamvektsansen hjå det nyfødde
barnet, veit me ikkje so visst. Me ser at barnet har lite
herredøme over kroppen sin i den fyrste tid. Ein av
grunnane til det er beint fram maktløyse. Musklane og
senene er ikkje sterke nok. Men truleg er og sjølve jam*
vektsansen lite utvikla. Eller tydelegare sagt: dei organ
som har til formål å hjelpa oss til å halda hovudet og
kroppen i rett stilling, dei er endå ikkje brukføre. Men
dei vert det ut gjenom fyrste året, soleis at dei fleste born
tek til å gå so kring eitt*årsalderen, veit me. Og det går
då ikkje so lang tid fyrr barnet har godt herredøme over
kroppen sin. Dei naudsynlege organ må då vera ar=
beidsføre.
Det syner seg elles mest alltid, at dei born som står
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>