- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
50

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

50

for ovsterke luftbylgjer. Ja det er vel so med alle sanse*
organ at dei kann tynast, dersom ein misbrukar dei so
altfor stygt.

Det har stundom vore spurt um korleis det vilde gå
um eit sanseorgan ikkje vart brukt det minste. Um eit
barn, født med vanlege augo, levde i eit myrkt rom alltid,
vilde då eit slikt menneske sjå like godt um det kom ut
i dagsljoset ein dag i 40*årsalderen som um det hadde
fått levt som me vanleg gjer? Ja det kann vel ingen
svara noko visst på, for eit slikt eksperiment har aldri
vore gjort. Men me veit at det alltid syner seg i dyreriket,
at det organ som ikkje vert nytta i lang tid, det får heller
ikkje den tilførsla av næring som det vilde få um det
var i arbeid. Og då veiknar den reidskapen noko etter
kvart burt. Han visnar vekk og døyr. So er livsens lov
i det heile i naturriket, ser det ut til. Men um denne
verknaden syner seg so snart når det gjeld sansereid*
skapane våre, at det vilde visa seg i den stutte tid som
eit menneskeliv er, det er eit anna spursmål. Dersom
ein sansereidskap vart lite eller inkje nytta ætt etter ætt,
so vilde nok verknaden syna seg. Professor Alfred Lehmann
meiner me har eit slikt døme i jødane som bur i dei
austeuropeiske byane. I sume byar her har jødar havt
sine visse kvartal i hundretal av år. Og her har gatene
vore so tronge og husa so skitne og fæle, at dei har ikkje
set stort av dagsljoset dei folk som har butt her. Og når
dei aldri kom ut or den luten av byen der dei var fødde, so
såg dei aldri stort av dei ymse fargar som ein kann sjå ute
i Guds frie natur. Men nett hjå desse stakkars jødane finn
ein fleire fargeblinde enn nokon annan stad på jord, det
me veit um då. Her er tre gonger so mange fargeblinde
som andre stader — etter folketalet. Men dei jødar som
bur andre stader, dei er ikkje meir fargeblinde enn andre
folk. Her har me, meiner Lehmann, eit døme på korleis
det kann koma til å gå menneskeætta, um son etter far
i lange tider kom til å leva under so altfor vonde vok*
stervilkår. Jamvel noko av det som truleg har størst
hevdingskraft, sanseevna, kann då verta tynt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free