Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
51
6. Det vaknande åndsliv hjå barnet.
Knapt nokon skapning me kjenner, ser hjelpelausare
ut enn eit nyfødt barn. Det må lita på andre i smått
og i stort. Oftast søv det. Og er ikkje det tilfellet, so
ligg det og kavar med hendene og føtene utan mål og
meining. Augo fester seg ikkje ved noko. Um barnet
held dei opne, so er det som det ikkje såg nokon ting.
Augo vender seg so viljelaust. Dei leitar ikkje etter noko,
og finn heller ikkje noko, ser det ut til. Dei fyrste 20 dagane
er augo glanslause og ser difor og so sjellause ut. — So ligg
barnet der med halvopen munn, eller det skrik so det gapar
alt det kann, og dirrar og skjelv so ein kunde tykkja det
gjorde vondt berre å sjå på. Hadde ein ikkje so ofte
set at ein slik liten hjelpelaus skapning kann veksa fram
til å verta eit vakse menneske, so vilde ein vel ikkje tru
det. For skilnaden millom barnet og den vaksne er so
stor. Det er noko tilfellet reint kroppsleg veit me. Men
framum alt er den åndelege ulikskapen so ovleg stor.
Den kroppslege vokster er det råd å fylgja so å
segja frå dag til dag. Både storleik, tyngde og styrke
kann mælast. Soleis er det ikkje heilt når det gjeld ånds*
livet eller åndssida hjå barnet. Sjelelivet kann me aldri
få tak på so som me kann med det kroppslege. Og
når då ikkje barnet sjølv kann fortelja oss korleis det
har det eller korleis tilstandet er, og heller ikkje noko
menneske kann minnast si fyrste barndomstid, so står me
faste. Noko heilt påliteleg veit me ikkje. Dei meiningar
som me kann gjera oss um denne tida, må verta bygde
på dei slutningar som me kann draga av dei ytre rørsler
me ser hjå barnet.
Men ikkje alle verksemder kann me taka som bod*
berarar frå noko sjeleliv hjå barnet. Spontan* eller
automatrørsler t. d. vert ikkje styrde frå hjernen. Hjarte*
slag og andedrag og alle desse verksemder som må gå
for seg um mennesket i det heile skal kunna leva, dei
vert utløyste eller styrde av ymse nervecentra som er å
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>