- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
53

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53

Det går ikkje, veit me. Men det vert ikkje berre maten
det syter for då, som i den fyrste tid. — Barnet si matsut
legg ein snart merke til. Det syg på det det får i, anten
det er fingrane eller noko anna. Sjølvsagt har det ikkje
nokon tanke med dette arbeidet. — I den fyrste tid sovnar
barnet helst når det har vorte mett, og sluttar soleis å
suga. Men alt eit tre veker gamalt barn kann beint fram
støyta morsbrystet frå seg når det er mett. Når trongen
etter næring er stilt, so kjem det fram i barnet si åtferd.
Sume har meint at dette er eit av dei fyrste vitnemål
um eit vaknande åndsliv, endå um dette heller ikkje
er noko prov for at barnet knyter nokon tanke til arbeidet.

Me har fyrr tala um at ymse sansereidskapar "er heilt
brukføre jamvel hjå det nyfødde barnet. Og elles vert
alle sansereidskapane snart fullgode, so barnet er ikkje
gamalt fyrr det kann sansa som me vaksne. Me har og
tala um at ein kann sjå korleis barnet kjem seg når
det gjeld sansing. Det kjem ikkje berre av det at sjølve
sanseorgana vert betre, sume av dei. Det heng meir
saman med at åndslivet tek til å vakna hjå barnet.

Det å sansa noko er ikkje berre ei kroppsleg verk*
semd. Og det er ikkje so at me er heilt åndeleg passive,
åndeleg uverksame, når me sansar. Me kann vera meir
eller mindre med, det er so. Men aldri er me heilt vekke,
dersom me skal ha medvitande sansing. Det åndelege
arbeidet kjem fram i det, at me ansar på sansemeldinga,
me legg merke til henne. Me tek medvitande mot ei sanse*
kjenning. Dette åndelege arbeidet fører og gjerne til det,
at me gjer ymse rørsler med kroppen, so me skal få so
sterk og tydeleg sansekjenning som råd er. Difor vender
me t. d. augo mot det me vil sjå på, og steller oss so,
at synsbiletet av tingen feil på den gule flekken på nett*
hinna. Me stirer på tingen, augfester han.

Det er det åndelege arbeidet som vantar hjå barnet
i den fyrste tid. Arbeidet er i alle fall so ovleg lite. Barnet
har kroppslege organ so det kunde sansa ; men det fylgjer
so lite med i dei sansekjenningar det får. Og det gjer so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free