- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
54

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

lite eller kanskje inkje for å få so tydelege sansekjen*
ningar som råd er. Ser me derimot at barnet tek til å
fylgja ein ting med augo når han vert flytt tilsides, eller
vert flytt til eller frå barnet, so har me straks eit døme
på sjeleleg verksemd, åndeleg aktivitet.

Fyrste dagane er det uråd å få barnet til å halda
upp å suga, um ein held noko som har sterke fargar,
soleis at det ser det. Det vert heller ikkje uroa um ein
spelar på orgel eller ståkar sterkt inne i romet der barnet
er. Men eit halvtårsgamalt barn kann leggja so mykje
merke til det som går for seg kring det, at det held upp
med suginga kanskje. Det er den sjelelege ansing som
avgjer kva barnet i dette tilfellet er sysselsett med. Barnet
er kome ut um den tid då næringstrongen styrer det fullt
og heilt.

No tek og barnet til å taka eller gripa etter ein ting
som det ser. Det nyfødde barnet tek berre fat i det som
kjem burt i handa på det. Det fylgjer ikkje med noko
ute i romet, og tek difor heller ikkje etter noko. Og det
grip heller ikkje på same måten som det årsgamle
barnet, og som me vaksne. Det nyfødde barnet krøkjer
berre fingrane. Det set ikkje tommelfingeren mot dei andre
fingrane. Og det kann heller ikkje setja han mot og soleis
røra ved alle dei andre fingrane på handa. Det greier det
fyrst seinare. — I dette skil menneskebarnet seg frå ape*
ungane. Dei kann gripa på «rette måten» like frå dei
er fødde, dei.

Det er fyrst i den femte eller sjette månad at barnet
byrjar taka etter dei ymse ting det ser. Den utvikling
som no går for seg, er truleg noko av det merkelegaste
i heile den åndelege vokster hjå mennesket. Difor må
eg segja nokre få ord um korleis det går til at barnet
lærer so mykje gjenom dette gripararbeidet sitt.

Eg har fyrr nemnt at barnet i alle tilfelle ikkje ser
dei ymse ting kring seg i nokon stor fråstand. Truleg
ser barnet dei ymse ting i same eller umlag same frå*
stand, so det vert som på ei teikning for det fyrste.
Barnet ser soleis at ein ting har ei større eller mindre

\

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free