Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
55
vidd; men det kann i alle fall ikkje døma rett um
fråstand.
Noko av det som barnet ser mest på i den fyrste tid,
er fingrane sine. Det får synsbilete av handa og fingrane.
Det kann taka i den eine handa med den andre. Då vil
det få skiftande synsbilete, samstundes med at det får
trykk*kjenningar frå båe hendene. Tek ein annan burt
i den eine handa åt barnet, får det trykk*kjenning berre
frå ei hand. — Når det knip seg sjølv, so har det og
stramingskjenningar frå dei musklane det då brukar.
Og barnet vil vel noko etter kvart leggja merke til, at det
er eit visst samhøve millom dei stramingskjenningar det
har, og det trykk det kjenner på den hudflata som fing*
rane rører ved. Knip det sterkt til, so kjenner det eit
sterkt trykk. Gjenom alle slike røynsler lærer barnet noko
etter kvart å skilja sin eigen lekam frå um været.
No vil kanskje nokon meina, at barnet må kjenna
sin eigen kropp like frå det fyrste. For det kjenner då
det gjer vondt kvar det so vert stukke med ei nål t. d.
Ei slik slutning er likevel eit stygt mistak.
Barnet kjenner nok nålestikket. Og det kann føra
til at barnet gjer mange refleksrørsler. Men barnet legg
ikkje lidingskjenninga til den spora plassen for det fyrste.
Det har ingen tanke um at det er nokon samanheng med
den kjenning det får, og denne visse plassen på kroppen
der det vert stukke. Klip du eit 3 månader gamalt barn i
foten, so skrik det, og det sparkar kanskje. Men barnet
veit ikkje um at det har nokon fot endå, eller at det har
noko å gjera med denne foten. Og det legg ikkje inn*
trykket til foten. — Barnet tenkjer elles på ein måte
rett: det er ikkje i foten det gjer vondt. Sansekjenninga
høyrer ikkje kroppen, men sjela til. At det lel er ein
årsakssamanheng millom det som hender ein stad på
kroppen, og den visse sjelelege uppleving, det har barnet
ingen kunnskap um lenge. Alfred Lehmann fortel, at jamvel
eit 14 månader gamalt barn kann bita seg i armen og
skrika av di det gjer vondt. Men det bit lel, for det har
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>