- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
58

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

Denne assosiasjon me nett har tala um millom plass*
teikn og synsbilete, kann då heller ikkje koma i stand
— i alle fall ikkje beinveges — når det gjeld den del
av lekamen barnet ikkje kann sjå. Og me vaksne kann
°g leggja merke til kor mykje vanskelegare det er for oss
å tykkja me ser ein plass på ryggen der me kjenner eitt
stikk, enn når det er ein plass på handa som det kjem
trykk*melding frå.

Det er endå ei ihop*festing av fyrestellingar me må
peika på. Me har fyrr høyrt um at barnet får kine*
stetiske kjenningar, rørslekjenningar, frå ledene når det
rører t. d. armen eller fingrane. Når eit barn flytter ein
finger frå den eine til den andre stad på kroppen som
det ser, so upplever det samstundes tre slags kjenningar;
synskjenningar, rørslekjenningar og plassteikn*kjenningar.
Og millom alle desse lagar det seg assosiasjonar. Denne
assosiasjon som det vert millom rørslekjenningar og
tepingskjenningar, har sers mykje å segja for alle, men
mest for dei blindfødde. Dei kann aldri læra å kjenna
gjenom synssansen korleis dei ymse plassar på kroppen
ligg til kvarandre. Det lærer dei å kjenna gjenom rørsle*
kjenningar. At slike rørslekjenningar og kann vera til
rettleiing for dei som har ein uskadd synssans, det er
tvillaust, endå um ikkje dei nyttar desse slag kjenningar
so mykje som dei blinde. Dei kann i alle fall verta til
ovleg stor hjelp når det gjeld dei plassar som ein kann
røra ved med fingrane, men ikkje sjå med augo.

Gjenom eit langvarig arbeid -uppdagar barnet noko
etter kvart sin eigen kropp. Kor lang tid dette arbeidet
tek, det er ikkje godt å segja med visse. Truleg er det
og noko ymse for dei ymse born. Alfred Lehmann meiner
at fyrst i tvo*årsalderen har vanlege born fått ei fyre*
stelling um sin eigen kropp, at han er noko for seg, og
at han høyrer barnet til på ein annen måte enn andre
ting det kann sansa. Barnet har brukt tvo år fyrr det
har fått fyrestelling um sitt «materielle eg» som Lehmann
kallar det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free