- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
59

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

59

Etter kvart som barnet uppdagar lekamen sin, ven det
seg og til å leggja ymse sanseinntrykk som det kann få,
til visse plassar på kroppen. Vert ein viss plass på den
eine handa eller foten spora, so upplever barnet ei sanse*
kjenning. Denne kjenninga er til i sjela og ikkje andre
stader. Men no vert det til assosiasjon millom fyrestel*
linga um den spora plassen og so sanseinntrykket. Og
barnet kjem i tankane til å festa sansekjenninga til den
plassen som det meiner har vore spora, og som det har
kome melding frå, til den stad i hjernen der sjela tek
mot slike meldingar.

Ei slik overføring og plassfesting gjer sjølvsagt me
vaksne alltid når me tykkjer me kjenner det gjer vondt
nokon stad i kroppen. Og me er komne so i vane med
det, at me stundom kann gjera underlege mistak. Me har
alle høyrt tale um at sume kjenner tannverk i tennene
endå um tennene er uttrekte for mange år sidan. Vert
nervetråden som gjekk ut til ei tonn, spora, so veet sanse*
kjenninga lagd til den plassen som slike meldingar brukte
å koma frå i gamle dagar. Ein mann som har mist
armen eller foten sin, kjenner jamvel kor vondt det gjer i
fingergomane og i tærne når nervetrådane som har gått
ut til desse organa, vert spora t. d. med elektrisk straum.
Han plassfester etter gamal vane til den handa eller foten
som dokteren skar vekk for lang tid sidan.

Ei av dei viktugaste fylgjer av at barnet uppdagar sitt
«materielle eg», er den, at det kjem til å få fyrestelling
um eit rom. Um barnet aldri lærde å tenkja seg nokon
ting eit stykke frå kroppen sin, so vilde det lel ha fått
ei fyrestelling eller rettare eit umgrep, ein tanke, ikkje
berre um flater, um lengd og breidd, um upp og ned, men
og um djupn eller tjukn eller fråstand.

Denne fyrestellinga um eit slikt rom vert elles til på
ein annan måte og. Eg har fyrr sagt at ein må helst
tru at barnet like frå det fyrste ser ei vidd, ei flate når
det får ei synskjenning. Det er visseleg rimelegast at
barnet ikkje kann sjå farge eller få fargekjenning utan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free