- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
69

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

69

som har desse eigenskapane, det vert kalla abstraksjon.
Og slike fyrestellingar som vert til på den måten, kallar
me som fyrr nemnt abstrakte fyrestellingar.

Slike fyrestellingar har me vel ikkje i tankane på
same måten som konkrete serf/restellingar. Eg kann taka
fram for meg biletet av ein viss hest eller eit visst tre eg
har set. Eg har klårt for meg farge, skap og storleik og
alt som eg har sansa og veit soleis um høyrer denne hesten
eller dette treet til. Men kann eg segja at eg ser soleis
for meg fyrestelling um ein hest som skal ha berre det
som er sams for alle hestar? Han må ikkje ha nokon
viss farge, ikkje nokon viss storleik og ikkje vera anten
dølehest eller fjording eller høyra noko anna visst heste*
slag til. Er det råd sjå eple reint ålment? Eller frukt?,
dyr?, plante? Eg berre spør. Sume nektar at dei i det
heile har slike fyrestellingar. Andre segjer at dei i sume
tilfelle tykkjer dei veit um ei fyrestelling um berre det
ålmenne, på same måten som dei veit um fyrestelling
um det individuelle. Dette vanskelege spursmålet skal
me ikkje dryfta her. ~ Det me ikkje kann vera i tvil um,
det er det, at me er ikkje gamle fyrr me får bruk for å
kunna tala under eitt um ein heil klasse av ting som har
visse sams kjennemerke. Me har bruk for å kunna tala
um hundane, hestane, blomane, steinane, borna, og det er
rådlaust i kvart tilfelle anten å tenkja på eller å tala um
kvar for seg av desse skapningane.

Tankane um det ålmenne, knyter me til ord. Fyre*
stellingane eller tankane um det som er sams um fleire
ting, fyrestellingane um det ålmenne, kann vel umlag
aldri stå for oss i eit bilete på same måten som ei serfyre*
stelling. Det er berre ein liten part av fyrestellingane me
gøymer på i biletleg form av eit eller anna slag. Men
nett dei fyrestellingar me ikkje kann bera på i slik form,
er det me må festa til ord, um me skal kunna bruka dei.
Difor er so stor part av orda symbol eller teikn for det
som er ålment. Det skal me elles tala um på ein annan
stad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free