- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
70

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

70

Arbeidet med å vinna ålmenne eller abstrakte fyre*
stellingar går ikkje snart for barnet. Ofte brukar barnet
ord for eit ålmennumgrep, men knyter slett ikkje ei
ålmennfyrestelling til ordet. Det har dei nyare etterrøk*
nader vist so greitt. Skal eit barn gjera greie for kva det
meiner med eit slikt ord, so vil ein ofte høyra at det
tenkjer berre på kva tingen vert brukt til, eller det tenkjer
seg eit einskilt tilfelle. Binet nemner desse døme på kva
born kann svara: Kniv? »det er å skjera med«; hest?
»det er å draga vogner«; bord? »det er til å eta på«;
mama? »det er til å laga mat«; brød? »det er for å eta«.
— Helga Eng nemner m. a.: Daning? »at me nigjar pent
til alle me kjenner« (svara ei 11 år gl. gjente); åtvaring?
»åtvaring er når nokre gutar går ’på isen, og isen er tunn,
og so går det ein mann framum, og so segjer han dei
skal ikkje gå der, for isen er ikkje trygg« (svara ein 12
år gl. gut). Litegrand etter la han til: »heldt på å segja
han skulde jaga dei vekk, men det vart formykje det«.
Lengsel? »å venta på toget eller båten, venta lenge«.
Andre døme etter ymse granskarar: Ein 37a år gl. gut
la hendene saman og sa: »Eg tenkjer; soleis tenkjer ein,
ikkje sant?« Ei fem år gl. gjente trudde at å tenkja var
å tala. Ho trudde og at godleik var å smila til ein. Ein
6 år gl. gut skulde fortelja kva han meinte med å segja
at ein mann var død: »Han gjer ingen ting, han rører
seg ikkje, han har augo attlatne og noko under hovudet,
eg veit ikkje kva det er«. Ei 11 år gl. gjente sa: »Eg
har trutt at når nokon døydde, so kleiv han upp ein stige
og kom inn i himmelen«. Desse døme stadfester det me
nemnde ovanfor: ord som ein kanskje skulde tru galdt
eit ålmennumgrep, brukar barnet med tanke på ei viss
åtferd, eit visst bruk eller eit visst tilfelle. Barnet tenkjer
ikkje ålment, det tenkjer konkret.

I den fyrste tid barnet tek til å tala litegrand, er
størsteparten av dei ord barnet kann, namnord, og umlag
alle er konkret. Tracy fann at 60% av dei ord barnet
kunde i alderen 19—30 månader, var namnord, og 20%

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free