- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
73

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73

Det er vel som Helga Eng segjer, at »dette resultat er noget
overraskende. Man tenker sig jo gjerne at det ikke er så
farlig om barn ikke forstår hvert enkelt ord; de vil nok
skjønne det av sammenhengen. Undersøkelsen viser at
barn bare skjønner en liten brøkkdel av ukjente eller usik*
kert opfattede begreper på grunn av sammenhengen«. —
Det same har og Ribot i Frankrike funne, so ein kann
visseleg gå ut frå at dette er det verkelege tilfellet.

Helga Eng samlar dei lærdomar ho har kome til gjenom
sine etterrøknader, i desse setningane:

1. »Barn under 14 år er ikke istand til å opfatte
abstrakte substantiver. De forbinder med de abstrakte
navnord den samme betydning som det tilsvarende
verbum eller adjektiv«.

2. »Kun enkelte av de mest begavede og utviklede barn
forstår alle almindelige abstrakte ord i den alder da
de går ut av skolen.«

3. »Barn i alderen 10—12 år opfatter bare en brøkkdel
av språkets almindelige abstrakte ord«.

At dette er ålvorsord for alle lærarar, og serleg for
lærarane i barneskulen, treng eg ikkje segja noko um.
Det skynar me alle. Kunde me sjå kor lite borna verke*
leg skynar av det dei les eller høyrer på skulen, so vilde
me truleg verta skremde. Upplæringa vert aldri for konkret
eller for klår for barnet, det kann me vera visse på. Jam*
vel når me tykkjer det er gjort so lett at alle må skyna
det, er det vel endå for myrkt for sume.

Di eldre borna vert, di fleire og fleire abstrakte fyre*
stellingar får dei. Det finn ein um ein ser på mengda
av slike fyrestellingar frå år til år. Ein finn og at dei
abstrakte fyrestellingane vert ein større og større part av
heile det fyrestellingsriket barnet eig. — Det vanlege er
vel og, at det er dei evnerikaste born som tidlegast får
etter måten ein stor part abstrakte fyrestellingar.

Mange har meint at gutane har fleire abstrakte fyre*
stellingar enn dei jamgamle gjentene. Ymse røynsler ser
ut til å stadfesta det påstandet. Men Helga Eng meiner

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free