- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
74

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

skilnaden er i alle fall so liten, at det er ikkje råd av
den grunn å slutta seg til nokon ulikskap i åndsevner
hjå gutar og gjenter. Det er og so mange ting som spe*
lar inn og gjer spursmålet innfløkt, at det er vanskeleg å
gjeva eit avgjerande svar.

Granskinga av det menneskelege sjeleliv har vist at
det er stor skilnad på dei ymse menneske på den måten
at dei har ikkje alle like mykje lag til å gøyma på same
slag fyrestellingar. Sume gøymer soleis helst på synsfyre*
stellingar, andre helst på høyrslefyrestellingar, og endå
nokre andre helst på rørslefyrestellingar. Tre menneske
kann skriva det same stykket etter diktat. Når dei so
seinare tek framatt i tankane fyrestellinga um dette styk*
ket, so kann den eine tykkja han serleg ser fyre seg bok*
stavane og orda, kva form og farge dei hadde. Synsbiletet
av orda og det skrivne stykket i det heile, står so klårt
for han, so han kunde gjerne på den måten kjenna styk*
ket att millom mange berre han fekk sjå det. Han gøy*
mer serleg på synsfyrestellingar; han er optikar.

Den andre tykkjer han høyrer fyre seg korleis orda
lydde for øyro då dei vart upplesne for han eller han las
dei stilt for seg sjølv. Han høyrer no ljod etter ljod, ord
etter ord, tykkjer han (medan optikaren såg bokstavane
og orda). Det er dei fyrestellingar som sit att etter høyrsle*
kjenningane, han serleg minnest; det er dei som står serleg
klåre og tydelege for han. Han er akustikar.

Den tredje minnest helst dei rørslekjenningar han
hadde då han skreiv orda og samstundes og kanskje sa
dei stilt for seg sjølv Det er i dette tilfelle rørslekjen*
ningar frå armen, fingrane og taleorgana som han har
klåre fyrestellingar um. Han er motorikar.

Um ein engelsk biletmålar vert det fortalt, at han
bruka å stira ei tid, gjerne ein halv time, på den han
skulde måla bilete av. So skisserte han lausleg nokre
drag, og let so mannen gå sin veg. Etterpå tok han
gjerne til på same måten med ein annan. Når det so
leid ei tid, tok han att det fyrste lauslege utkastet og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free