Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
81
som er i tvil um korleis eit ord skal skrivast, han skriv
det gjerne på fleire måtar, og ser so på det. Då ser
han kanskje kva ordbilete som er rett. Er no læraren
optikar, so trur han gjerne eit barn skal ha det på same
måten. Men er barnet ein tydeleg akustikar og lite op*
tikar, so uroar ikkje synsbiletet um det endå er mykje
gale. Ein akustikar han må få stava ordet han; og er
han so attåt motorikar, som akustikarane ofte er, so må
han få skriva ordet. Dei som er tydelege motorikarar,
kjenner det heller i armen dersom dei skriv eit ord gale,
enn dei ser det av ordbiletet. Me skynar då at det er
um å gjera at elevane i ein klasse får både sjå eit
ord, stava og lesa det og skriva det sjølv, um dei skal få
prenta rettskrivinga inn. Ikkje alle vil ha like stor nytte
av alt dette. Det vil vera ymse etter som naturgivnadene
er. Men ingen vert det gjort urett mot. Dei får alle i
sumt i alle fall læra ordet på den måten som er lettast
for dei. Og når det no er so at størsteparten høyrer til
dei blanda typer, so får og størsteparten noko hjelp ifrå
fleire kantar.
Det er ikkje berre i rettskrivingsupplæringa at det
gjeld å hugsa på fyrestellingstypene. I teikning t. d. er
det og um å gjera. Teikning etter minnet som mange
driv so mykje på med i den seinare tid, er slett ikkje
natursvarande for alle. Ein stakkars akustikar er ille faren
der ein optikar får eit sers lett arbeid. Men so får op*
tikaren det att når han skal fortelja att eit upplese eller
fortalt stykke. Attforteljing burde aldri verta nytta til
eksamensprøve. Det er mange grunnar for det. Men ein
er den at ein optikar då vert prøvd der han har si vei*
kaste side, medan ein akustikar vert prøvd nett i sitt
glansnummer. Og når so svaret skal verta nytta til eit
mål for den åndelege arbeidsdugleik, då må domen
verta sers misvisande.
Nordeide: Frå barn til vaksen.
6
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>